SKULEREFORM - KVA VAR FORMÅLET?


I desse dagar byrjar eit nytt skuleår, og mange små born går spente og uvitande til den fyrste skuledagen. Dei alvorlege problema i livet byrjar nettopp her for mange. Og verre har det blitt etter skulereformen av 1997 blei vedtatt, der borna skal byrje på skulen 6 år gamle. Behovet for barnehageplassar blei monaleg redusert. Og dette som har vore eit heitt eple for alle regjeringar i dei seinare tider, kunne hale ein liten seier i land.


Seinare på året undrast læraren over kva som feilar det barnet som ikkje kan fylgje med. Då er det at barnet blir ein kasteball og at spesialistane kjem inn i biletet. M. a. augne-legar klagar over dette problemet som har blitt mykje utbreidd etter at alderen for å byrje på skulen blei sett til 6 år.


Ser ein på eit barn som fyller 6 år sist på året, vil det sei at dei startar skulen i ein alder av 5 1⁄2 år. Og mange foreldre spør seg om barnet mitt verkeleg er modent for oppgåvene.


Kva var så formålet med denne reformen? Mistanken hjå mange ligg nettopp der; mangel på barnehageplassar! Born bør i alle fall ikkje tvingast til skulen før dei har fylt 6 år. Det er trist når born blir pressa til oppgåver dei ikkje er modne for.

Astrid S. Omtveit - Lesarinnlegg, Vest-Telemark Blad, 27.07.2006

Tilbake

FORUM FOR BARNDOM I FRIHET

 

 

Antall unike treff siden 2006:

 stats counter
Web Counter