Oppvekst og bydeliv

I kategori: Artikler

23/09/2011

av Margaret Hennum, Brandal.

 

Dette innlegget hadde eg i Vikebladet den 4. desember 2004; under ein årelang kamp mot nedlegging av skulen vår. Dei lukkast i å avvikle den kommunale skulen, men bygda starta privatskule. At dei aldri skjønar at borna er det siste vi gjev frå oss!

 

Eg trudde på fridomen til å velje oppvekstarena for eigne born. Valet mitt var å vere husmor, drive bedrifta som heimen er, og la borna få lute seg i laget. La dei få vere nær, observere, leike seg inn i, vere ein del av. I fyrst det nære, så det omliggjande, og så det fjerne. For til slutt å verte skubba utfor reirkanten, og flyge ut som fjøyrkledde, trygge, gode samfunnsborgarar. Det var vona mi, og er framleis trua mi.

 

Eg har lese meg til, og kjent, at aldri er kvinna så målretta og sterk som når ho er svanger. Å bere fram nyttt liv, gjer henne sterk. Å ha ansvar for liv, gjer henne kjempande.

 

Aldri har eg hatt tru på at borna under normale forhold, burde få fjøyrveksten utanfor heimen. Men alle med oppsedaransvar treng pusterom, avlastning og støtte. Eg trudde difor det var rett å støtte andre kjempande sin rett til å velje anleis. Til kontantstøtta skulle innførast. Då kom eg i ein tilstand av forvirring og undring; som hadde eg forsove meg.

Med vantru laut eg då innsjå, at dei politiske partia med programfesta ”barnehagePLASS til alle”, hadde som mål ”barnehageOPPVEKST for alle”!

 

Eg vakna til eit samfunn der kvinna lyt kjempe for å bevare aksepten til å hegne om spedbarnet sitt, noko svangerskap og fødsel har gjort henne eineståande i stand til. Til eit samfunn der borna korkje i dun- eller fjøyrvekstperioden burde ha tilhald i heimen på dagtid i yrkja.

 

Eg vakna til eit samfunn der omsorgsarbeid var sjølvrealiserande berre det ikkje råka dei nærskylde (og helst burde utførast av menn). Til idealet at kokekunsten gav status berre utøvaren var yrkeskvinne og dei nytande vennepar (iallfall ikkje eigen huslyd).

 

Samstundes med oppbyggjinga av barnehagane, føregjekk rivinga av det sosiale nettverket RUNDT heimen, og fjerninga av støtteordningane FOR heimen. Husmorvikaren var forsvunnen på statleg/kommunalt signal. Der skulle ikkje lenger vere nokon å vikariere for. Dette husmoderlege forsvinningsnummeret er politisk vilja verk. Latterleggjering, nedvurdering og usynleggjering av tradisjonelt kvinnearbeid, har gjort forsvinninga mogleg.

 

Dei folkevalde har tvinga fram, som hastesak i Stortinget, 6-års skulestart; trass i massiv motstand frå foreldre og lærarar. Skuledagane er lengre og fleire. For å gje rom for 2-inntektsfamilien; i framskrittet og den naturlege utviklinga sitt namn.

 

Fylgja er ei djuptgripande og eksperimentell kulturendring med fokus på personleg fridom og personleg vinning. Det var ålmen kunnskap, at skulle ein endre eit samfunn, laut ein få innpass hjå kvinnene, for dei forma borna. Utan diskusjon, utan kamp, har kvinnene vorte fråtekne og gjeve frå seg makta til å vere hovudoppsedar og berebjelke i borna sin oppvekst. Den kunnskapsrike, skapande og aktive safunnsbyggjaren har stilt veke plassen for institusjonane og kapitalkreftene.

 

Utifrå overtydinga mi om at dei beste oppvekstvilkåra for born under normale forhold er heime, ser eg det ikkje lenger som ei offentleg oppgåve å syte for heildags barnehageplass for alle born. Høve til å kunne velje dette, har teke frå andre høve til å velje anleis. I Afrika heitest det ”It takes a village to raise a child”. Eit sunt oppvekstmiljø treng eit fungerande samfunn rundt seg.

 

Det stilnar i bygdene våre. Det er stilt i bygda vår óg no. Og får dei lokale folkevalde viljen sin så skulen vår vert nedlagd, vert det enno stillare.

Andre nyheter